Spørsmål og svar

Korleis skal kunngjeringar sendast til Norsk lysingsblad?

Kunngjeringar som skal publiserast i Norsk lysingsblad skal sendast via innsendingsskjema eller elektronisk på e-post til lysingsbladet@norge.no.

Når blir kunngjeringar publisert?

Innsende kunngjeringar blir publiserte innan neste arbeidsdag, om ikkje anna er avtalt. Mortifikasjonar frå Brønnøy tingrett blir berre publiserte første ordinære arbeidsdag i kvar månad.

Korleis veit eg at e-posten er kommen fram?

Når du sender ein e-post til Norsk lysingsblad, får du ein e-post som stadfester at vi har fått kunngjeringa. Du får også eit saksnummer du kan bruke dersom du kontaktar oss.

Kan eg abonnere på kunngjeringar frå Norsk lysingsblad?

Ja, du kan abonnere på RSS frå Norsk lysingsblad. Dette er gratis. Aktuelle lenkjer finn du under nyheitsvarsling.

Kostar det noko å kunngjere?

Det kostar ikkje noko for kunngjeringane i  Norsk lysingsblad.