Etter gjeldsordningslova skal opning av gjeldsforhandlingar og frivillige eller tvungne gjeldsordningar registrerast i Gjeldsordningsregisteret i Brønnøysund. Registeret inneheld berre opplysningar om kven som har fått innvilga gjeldsforhandling og -ordning, ikkje om dei økonomiske forholda som ligg til grunn.


I Lov om frivillig og tvungen gjeldsordning for privatpersonar (gjeldsordningslova) står det:
Straks etter at gjeldsforhandling er opna, skal det rykkast inn kunngjering om det i Norsk Lysingsblad med oppfordring til dei som har fordring mot skuldnaren, om å melde sitt krav til namsmannen innan tre veker etter kunngjeringa. Når særlege grunnar ligg føre, kan namsmannen fastsetje ein lenger frist, men høgst 6 veker.
Du kan sjå lova på www.lovdata.no