Proklama i Norsk lysingsblad

  • Er du i tvil om kva den avdøde etterlet seg av gjeld, kan det lysast ut proklama. Proklama er ei kunngjering om at dei som meinar dei har eit krav mot avdøde, må melde kravet til dødsbuet innan ein fastsett frist. Krav som ikkje blir melde innan fristen, fell bort. Proklama gjeld ikkje pantekrav eller skatte- og avgiftskrav.
  • Ved offentleg skifte av eit bu er det bustyraren eller tingretten som syter for at proklamaet blir lyst ut.
  • Ved privat skifte kan arvingane sende inn proklama til Norsk lysingsblad.
  • Proklama skal rykkast inn i Norsk lysingsblad og ei alminneleg lesen avis på den staden der avdøde budde. Lova som omhandlar proklama finn du på www.lovdata.no.
  • Du finn oversikt over gebyr knytt til offentleg skifte på www.domstol.no.
  • Har du spørsmål eller er usikker på korleis du skal forholde deg til arveoppgjer, oppmodar Norsk lysingsblad om at du tek kontakt med næraste tingrett. Du kan finne din tingrett på www.domstol.no.