Mortifikasjon er ei ugyldigheitserklæring om at eit dokument er kjent ugyldig. Dersom eit omsetteleg tinglyst dokument som er beskrive i mortifikasjonslova er mista eller øydelagt, kan ein etter visse vilkår begjære mortifikasjonsdom.

Begjæring om mortifikasjon og krav om å få mortifisert eit dokument om pant i fast eigedom skal setjast fram for Brønnøy tingrett.

Mortifikasjonen blir utlyst i Norsk lysingsblad og ei alminneleg lese avis på den aktuelle staden. Gebyr for mortifikasjonssaker føl av lov om rettsgebyr § 9.

Har du spørsmål eller er usikker på korleis du skal forholde deg til mortifikasjon, kan du ta kontakt med Brønnøy tingrett på telefon 75 43 17 10.