Bruksvilkår

1

Om Norsk Lysingsblad

Staten gjev ut eit offentleg lysingsblad. Namnet skal vera Norsk lysingsblad, jf lov om Norsk lysingsblad § 1. Norsk lysingsblad vert publisert elektronisk. Bladet tek inn lysingar som skal eller kan kunngjerast med heimel i lov.

Lysingsbladet publiserer kunngjeringar om proklama, kunngjeringar om gjeldsordning etter gjeldsordningslova og mortifikasjonssaker. I tillegg vert ei rekke andre saker kunngjort, som forkynningar der klagemotparten ikkje har kjend adresse etter domstollova § 181, kunngjeringar etter tinglysingslova § 38 a og utlegging til offentleg ettersyn av konsesjonssøknader med vidare.

2

Kunngjeringstidspunkt

Kunngjeringar som kjem på innsendingsskjema eller e-post vert publiserte innan neste arbeidsdag, viss ikkje anna er avtalt. Kunden får stadfesting på at skjema eller e-post er motteken, og saksnummer for mogeleg oppfølging. I stadfestinga vert det vist til bruksvilkåra. Kunngjeringar som blir sendt inn på papir (per post), vert publiserte innan fredag den veka dei er mottekne.

3

Kunngjeringstid

Kunngjeringar i Norsk lysingsblad ligg ute synleg og for søk i eit avgrensa tidsrom, ut frå tidsavgensinga i dei ulike kunngjeringane. Sjå under kvar utlysingstype kor lenkge sakene ligg opne for søk. Har du behov for å vite om og når ei sak vart publisert, kan du kontakte Norsk lysingsblad på 800 30 300. 

3.1

Proklama

Etter ny lov skal kunngjering i Norsk lysingsblad skje berre ein gong (Frå 01.01.2021). Fram til den tid blir eit proklama kunngjort to gonger med sju dagars mellomrom.

Fristen for å sende inn krav til bustyrar, er på seks veker etter siste kunngjering (lokalavis eller Norsk lysingsblad),  jf lov om arv og dødsboskifte § 102.

Etter tre månader er ikkje kunngjeringa lenger synleg i Norsk lysingsblad.

3.2

Gjeldsforhandlingar

Kunngjering skal skje ved oppstart av gjeldsforhandlingar, jf. lov omfrivillig og tvungen gjeldsordning forprivatpersoner.

Gjeldsforhandlingar skal vere gjennomført innan eitt år etter oppstart.

Etter eitt år er ikkje kunngjeringa lenger synleg i Norsk lysingsblad.

3.3

Mortifikasjonar

Kunngjering skal skje første virkedag i månaden, og fristen skal vere to månader, jf Lov om mortifikasjon av skuldbrev m.v.

Etter tre månader er ikkje kunngjeringa lenger synleg i Norsk lysingsblad.

3.4

Andre kunngjeringar

Kunngjering frå domstolane og namsmannen har ein svarfrist på fire veker etter utlysinga i Norsk lysingsblad, jf lov omdomstolane.

Kunngjering etter lov om tinglysing har ordinær svarfrist på fire veker etter utlysinga i Norsk lysingsblad.

Andre kunngjeringar kan ha andre fristar.

Etter tre månader er ikkje kunngjeringa lenger synleg i Norsk lysingsblad.

4

Kostnadar

Det er gratis å setje inn, lese og abonnere på kunngjeringar i Norsk lysingsblad.

Uttrekk av registeret er ei betalingsteneste som krev eigen skriftleg avtale.

5

Informasjonstryggleik

Norsk lysingsblad skal ivareta grunnleggande krav om informasjonstryggleik.

6

Handsaming av personopplysningar (databehandlaravtale)

Kunden (innsendar av informasjon) er behandlingsansvarleg for personopplysningar i kunngjeringar som vert tekne inn i Norsk lysingsblad.

Direktoratet for forvaltning og IKT (991 825 827) ved Norsk lysingsblad, opptrer som databehandlar for kunden, når Norsk lysingsblad publiserer og arkiverer kunngjeringar som inneheld personopplysningar.

7

Oppseiing

Kunden kan seie opp sin avtale med Norsk lysingsblad med ein månads skriftleg varsel.

Lysingar som er publiserte, vil likevel stå ut lysingstida. Norsk lysingsblad vil også halde på informasjon om at lysingen er publisert. Innhaldet i lysinga er det brukar som er ansvarleg for.

Norsk lysingsblad kan ikkje handsame personopplysningane på annan måte enn det som er nødvendig for å oppfylle plikter etter desse bruksvilkåra. Dette omfattar publisering av kunngjeringar, moglegheitfor abonnementsløysing og arkivering etter avslutta publisering for å trygge notoritet overfor kundane.

Norsk lysningsblad skal gjennom planlagde og systematiske tiltak syte for tilfredsstillande informasjonstryggleik med omsyn til konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit ved handsaming av personopplysningar.

Ved kontakt frå den registrerte, skal den registrerte visast til kunden. Kunden kan pålegge Norsk lysingsblad å rette feil i publiserte kunngjeringar eller slette personopplysningar i samsvar med personopplysningslova.

Kunden kan pålegge Norsk lysingsblad å stanse handsaming av personopplysningar. Med mindre anna går fram av pålegget, skal lysingar som er publiserte stå ut lysingstida.