Hopp over menyen

Bruksvilkår for Norsk Lysingsblad

gjeldande frå 01.01.2016

1 Om Norsk Lysingsblad

Staten gjev ut eitt offentleg lysingsblad. Namnet skal vera Norsk Lysingsblad, jf lov om Norsk Lysningsblad § 1. Norsk Lysingsblad vert publisert elektronisk. Bladet tek inn lysingar som skal eller kan kunngjerast med heimel i lov.

Lysingsbladet publiserar kunngjeringar om proklama, kunngjeringar om gjeldsordning etter gjeldsordningslova og mortifikasjonssaker. I tillegg vert ei rekke andre saker kunngjort, som forkynningar av forliksklager, separasjons- og skilsmissesaker, kunngjeringar etter tinglysingslova §38a og utlegging til offentleg ettersyn av konsesjonssøknader med vidare.

2 Publisering

Kunngjeringar vert publiserte neste arbeidsdag, viss ikkje anna er avtalt. Kunden får stadfesting på at e-post er motteken, og saksnummer for mogeleg oppfølging. I stadfestinga vert det vist til desse bruksvilkåra.

3 Kunngjeringstid

Kunngjeringane ligg til offentleg innsyn så lenge det er nødvendig for å oppnå føremålet med lysinga. Det er i mange tilfelle lovbestemt kor lengje før eventuell svarsfrist ei kunngjering skal publiserast. Norsk Lysingsblad har av omsyn til personvern satt grenser for kor lengje kunngjeringane skal være allment tilgjengelege.

3.1 Proklama

Kunngjering skal skje to gonger med minst ei veke mellomrom, og med ein frist på seks veker etter siste kunngjering, jf lov om skifte § 72. Etter tre månader er ikkje kunngjeringa allment tilgjengeleg.

3.2 Gjeldsforhandlingar

Kunngjering skal skje ved oppstart av gjeldsforhandlingar, jf. lov om frivillig og tvungen gjeldsordning for privatpersoner. Gjeldsforhandlingar skal vere gjennomført innan eitt år etter oppstart. Etter eitt år er ikkje kunngjeringa allment tilgjengeleg.

3.3 Mortifikasjoner

Kunngjering skal skje første virkedag i månaden, og fristen skal vere to månader, jf Lov om mortifikasjon av skuldbrev m.v. Etter tre månader er ikkje kunngjeringa allment tilgjengeleg.

3.4 Andre kunngjeringar

Kunngjering frå domstolane og namsmannen har ein svarfrist på fire veker, jf lov om domstolane. Kunngjering etter lov om tinglysing har ordinær svarfrist på fire veker. Andre kunngjeringar kan ha andre fristar. Etter tre månader er ikkje kunngjeringa allment tilgjengeleg.

4 Kostnadar

Det er gratis å setje inn, lese og abonnere på kunngjeringar i Norsk Lysingsblad.

Uttrekk av registeret er ei betalingsteneste som krev eigen skriftleg avtale.

5 Informasjonstryggleik

Norsk Lysingsblad skal ivareta grunnleggande krav om informasjonstryggleik.

6 Handsaming av personopplysningar (databehandlaravtale)

Kunden (innsendar av informasjon) er behandlingsansvarleg for personopplysningar i kunngjeringar som vert tekne inn i Norsk Lysingsblad.

Direktoratet for forvaltning og IKT (991 825 827) ved Norsk Lysingsblad opptrer som databehandlar for kunden når Norsk Lysingsblad publiserer og arkiverer kunngjeringar som inneheld personopplysningar.

Norsk Lysingsblad kan ikkje handsame personopplysningane på annan måte enn det som er nødvendig for å oppfylle plikter etter desse bruksvilkåra. Dette omfattar publisering av kunngjeringar, moglegheit for abonnementsløysing og arkivering etter avslutta publisering for å tryggje notoritet overfor kundane.

Norsk lysningsblad skal gjennom planlagde og systematiske tiltak syte for tilfredsstillande informasjonstryggleik med omsyn til konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit ved handsaming av personopplysningar.

Ved henvendingar frå den registrerte, skal den registrerte visast til kunden. Kunden kan pålegge Norsk Lysingsblad å rette feil i publiserte kunngjeringar eller slette personopplysningar i samsvar med personopplysningslova.

Kunden kan pålegge Norsk Lysingsblad å stanse handsaming av personopplysningar. Med mindre anna går fram av pålegget, skal lysingar som er publiserte stå ut lysingstida.

7 Oppseiing

Kunden kan sei opp sin avtale med Norsk Lysingsblad med ein månad skriftleg varsel.

Lysingar som er publiserte, vil likevel stå ut lysingstida. Norsk Lysingsblad vil også halde på informasjon om at lysingen er publisert. Innhald i lysinga er det brukar som er ansvarleg for.