Ønskjer du å setje inn ei kunngjering i Norsk lysingsblad, sender du kunngjeringa på e-post til lysingsbladet@norge.no.
Nei. Norsk lysingsblad ønskjer kunngjeringar tilsendt på e-post.
Kunngjeringar som vi får på e-post, blir publiserte neste arbeidsdag, om ikkje anna er avtalt. Dei som blir sende inn på papir, blir berre publiserte på fredagar.
Mortifikasjonar blir berre publiserte første ordinære arbeidsdag i kvar månad.
Når du sender ein e-post til Norsk lysingsblad, får du ein e-post som stadfester at vi har fått kunngjeringa. Du får også eit saksnummer du kan bruke dersom du kontaktar oss.
Ja, du kan abonnere på RSS frå Norsk lysingsblad. Aktuelle lenkjer finn du under nyheitsvarsling.
Det er gratis både å setje inn og å abonnere på kunngjeringar i Norsk lysingsblad.
Dersom du ikkje finn den kunngjeringa du leitar etter, kan du kontakte oss for å få hjelp. Treng du kunngjeringar som er kunngjorde før 1. juli 2005, kan du ta kontakt med KioNor Anbudsservice AS, som har komplett arkiv over kunngjeringar i Norsk lysingsblad frå 1984 og fram til 30. juni 2005.